Omtale fra forlaget
Boka gir ein kortfatta introduksjon til norsk utanrikspolitikk frå 1814 og fram til i dag.
Hovudtemaet er korleis den utanrikspolitiske tenkjemåten utvikla seg og kom til uttrykk i denne tohundreårsperioden.
Forfattaren viser at grunnlinjene i tryggingspolitikken - russofobien og den vestlege stormaktsgarantien - vart til alt i unionstida, og vidareført i Integritetstraktaten i 1907 og i NATO-medlemskapen i 1949. Parallelt tok den norske folkeretts- og humanitærpolitikken si form, først i freds- og voldsgiftspolitikken sist på 1800-talet, deretter i Folkeforbundet, og så i bistandspolitikken i etterkrigstida og engasjementspolitikken etter den kalde krigen.
Slik hevdar forfattaren at det er meir kontinuitet enn brot i relasjonane til framande statar i desse to hundre åra, der folkeretten alltid har vore Noregs viktigaste forsvarsverk.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format Heftet
ISBN13 9788252187663
EAN 9788252187663
Serie Utsyn&innsikt
Språk Nynorsk
Sider 205
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket