Norsk ordsamling

av (forfatter).

Vigmostad Bj√∏rke 2004 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Dette er andre utgåva av Laurents Hallagers Norsk Ordsamling frå 1802, som var den største norske ordboka før Ivar Aasens tid. Den er på eit vis krona - eller den førebelse krona - på ein tradisjon med norske bygdemålsordbøker som hadde røter tilbake til 1600-talet. Hallager si bok er ikkje blitt trykt opp att før no, trass i at ho spela ei svært viktig rolle i norsk språkleg bevisstgjering og nasjonsbygging i første helvta av 1800-talet. Boka var ein viktig "igangsetjar" for både Wergeland og Aasen som språkaktivistar. No når det er gått 200 år sidan ho kom første gongen, er det på tide at ho blir tilgjengeleg att - både som kjelde til kunnskap om norsk språk i dansketida (men ei kjelde som må nyttast med mykje kritikk), og ikkje minst: som eit viktig åndshistorisk dokument. Laurents Hallager (1777-1825) var fødd og døydde i Bergen. Han tok medisinsk utdanning og doktorgrad, og arbeidde som lege i Bergen. Ved sida av medisinen var språk den store interessa hans. Han var berre 23 år gamal då han laga Norsk Ordsamling, som vart trykt i 1802. Lars S. Vikør er fødd i 1946 og har sidan 1993 vore professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Han har gitt ut fleire bøker om språkspørsmål, m.a. På godt norsk. Ei handbok i nynorsk målbruk (saman med J. O. Fretland o.a.), Språk og samfunn gjennom tusen år (saman med Olaf Almenningen o.a.), Språkplanlegging. Prinsipp og praksis, The Nordic Languages. Their Status and Interrelations, Hovuddrag i norsk språkhistorie (saman med Arne Torp), og Språknormer i Norge (saman med Helge Omdal).

Bokdetaljer

Forlag Vigmostad Bj√∏rke

Utgivelsesår 2004

Format Innbundet

ISBN13 9788241902949

EAN 9788241902949

Språk Nynorsk

Sider 224

Utgave 2

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket