Omtale fra forlaget
Norsk litterær årbok er ein årleg litteraturvitskapleg antologi. I 2020-utgåva løftar Madelen Brovold fram forfattaren Elsa Dickmans gløymde roman Korsveien (1946), og viser korleis norsk-jødiske kvinner sine erfaringar er vortne ekskluderte frå minnekulturen kring Holocaust.
Petter Aaslestad kastar eit blikk på Arthur Omres Det onde øie (1940) som psykiatriroman. Geir Hjorthol undersøkjer prosaens stille musikk i Lars Amund Vaages poetikk, og Heming Gujord analyserer Kjartan Fløgstads Due og drone (2019) som ein roman om fortidsomarbeiding, og les han i lys av striden mellom Fløgstad og Den Norske Forfatterforening.
Det norske teikneserieåret 2019 blir sett under lupa av Øyvind Vågnes. Dette er første gong NLÅ tek opp teikneseriar. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, den danske forfattaren Jonas Eikas novellesamling Efter solen og resten av forfattarskapen hans blir lese i lys av scifi- og fabulasjon.
Årboka inneheld også artiklar om Jonas Ramus (1649-1718) som nasjonalmytemakar, Olav H. Hauges boksamling, om korleis fjella endrar seg i norsk lyrikk, og om pengar, føremålsrasjonalitet og kvantitativ logikk i Henrik Ibsens Samfundets støtter. Dessutan set to artiklar fokus på nyare norsk dramatikk, og ein drøftar litteraturundervisningas potensial i ein kompetanseorientert utdanningsdiskurs.
Benedikt Jager (f. 1966) er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger. Han har særleg interessert seg for og forska på kulturelle samband mellom Noreg og Aust-Tyskland.
Nora Simonhjell (f. 1970) er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Ho arbeider mest med spørsmål kring litteratur, kropp, kjønn og sjukdom.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format E-bok
ISBN13 9788234003318
EAN 9788234003318
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 368
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket