Omtale fra forlaget
Norsk litterær årbok er ein årleg litteratur- vitskapleg antologi. I 2018-utgåva set vi kritisk søkjelys på lyrikkåret, novelleåret og kritikkåret 2017. Vinnaren av Nordisk råds litteraturpris, Kirsten Thorups Erindringer om kærligheden, blir lesen som ei bru til heile forfattarskapen. Walter Baumgartner viser korleis dei litteraturhistoriske vurderingane av Dorothe Engelbretsdotters dikt som tekstar frå ei tåreperse botnar i feillesingar. Anemari Neple løftar fram Gunvor Hofmos dikt «Angola». Her har Hofmo ei opning mot det kollektive og fellesskapen. Geir Hjorthol lyttar etter musikken i Dag Solstads 16.07.41, medan John Brumo sporar Edvard Hoppers måleri i Frode Gryttens noveller. Årboka inneheld vidare artiklar om patriarkat, erotikk og homososialitet hos Vesaas og Sveen og ein analyse av framstillingsteknikkane i Roald Amundsens Nordvestpassasjen. Beretning om Gjøa- ekspedisjonen 1903.1907. Årboka blir avslutta med ein litteraturdidaktisk bolk med tre artiklar som tek for seg litterære samtalar som metode, og argument for den sakte, grundige nærlesinga.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788252199536
EAN 9788252199536
Språk Bokmål Nynorsk Dansk
Sider 341
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket