Omtale fra forlaget
Boka diskuterer på kva måte folkediktinga knyter seg til litteratur- og kulturhistoria, og gir ein grundig presentasjon av dei viktigaste folkediktingsgenrane. Dessutan analyserer boka ei radfolkediktingstekstar, språkleg og tematisk, med hjelp av aktue
Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv Folkedikting er eit samlebegrep for fleire genrar som spring ut av munnleg song- og forteljetradisjon. Sjølve nemninga vart til under romantikken da folkediktinga vart skriven ned, men den munnlege tradisjonen går mykje lenger attende i tida. Boka diskuterer på kva måte folkediktinga knyter seg til litteratur- og kulturhistoria, og gir ein grundig presentasjon av dei viktigaste folkediktingsgenrane. Dessutan analyserer boka ei rad folkediktingstekstar, språkleg og tematisk, med hjelp av aktuelle tilnærmingsmåtar. Lesaren får svar på spørsmål som:
- Kva handlar undereventyret eigentleg om?
- Kva er samanhengen mellom kong Håkon Håkonsson og norsk folkedikting?
- Kvifor finn vi ofte danske ord i norske balladar frå 1800-talet, og norske ord i danske balladar frå 1500-talet?
- Kva meiner Henrik Ibsen med dramatitlar som GENGANGERE og FRUEN FRA HAVET?
Boka vender seg til studentar i norsk (nordisk) ved universitet og høgskolar og norsklærarar på alle nivå i skolen. Studentar i folkloristikk og kulturfag vil også ha nytte av boka, og den vil glede alle lesarar med interesse for folkedikting og kulturhistorie.
Forlag Cappelen Damm akademisk Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 1999
Format Heftet
ISBN13 9788245607406
EAN 9788245607406
Serie LNUs skriftserie (127)
Språk Nynorsk
Sider 260
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket