Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forfattaren har gått gjennom innsamla materiale frå norske dialektar frå 1700-talet til vår tid og presenterer namna på meir enn hundre ting og fenomen, som smilehol, adamseple, graviditet, menstruasjon, vaksefille og hannkatt.
Omtale fra forlaget
Norge rundt med ord handlar om det vi kan kalle dialektgeografi, om kva folk ulike stader i landet seier for smilehol, ringfinger, meslingar, menstruasjon, potetkaker, sutteklut, hannkatt og meir enn hundre andre ting og fenomen.
Grunnlaget for boka er innsamla språkstoff frå 1700-talet og fram til vår tid. Forfattaren, språkforskar og redaktør ved Norsk Ordbok Tor Erik Jenstad, har gått gjennom og systematisert dette.
Boka viser at norsk språk er mykje meir enn det som kjem fram i vanlege ordbøker og grammatikkar. Det finst til dømes meir enn hundre nemningar på norsk for graviditet, endå fleire for gjørmehol, nesten førti for sagmask og over tretti for å gå i eigne tankar eller vere åndsfråverande.
Boka viser på ein ny og interessant måte kor innhaldsrikt og variert språket er. Ho er også eit bidrag til å ta vare på mangfaldet av ord og uttrykksmåtar.
Forlag Boksmia forl.
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788291871158
EAN 9788291871158
Språk Nynorsk
Sider 239
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket