Omtale fra forlaget
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp.
Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet.
Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket som leid mest. Dette handlar også om tida etterpå. Slike katastrofer følgjer eit nokså tydeleg mønster: I nesten alle tilfelle er det vanleg å vende tilbake og byggje opp att på den same staden. Typisk er også gløymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det største steinraset i norsk historie vart så godt som gløymt.
Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersøkelse, der han har forska på skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive både skjønnlitteratur og fagbøker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234007132
EAN 9788234007132
Serie Krisetid
Omtalt tid 1750-1799
Språk Nynorsk
Sider 92
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket5 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket