Omtale fra forlaget
Nordfjord er det fagre Vestlandet i miniatyr, med brear og høgfjell, storm ved Stad og lune fjordarmar. Her er eit levande nærings- og kulturliv og ei rik kulturhistorie med mange attraksjonar.
Nordfjordboka er eit kunnskapsverk og ein vegvisar om Nordfjord. Arbeidet er inspirert av Jacob Aaland, som heilt frå 1890-åra hadde planar for eit historisk verk for heile regionen. Den første delen, «Soge og samtid», har 28 artiklar om alt frå arkeologi og fiske til byggjeskikk, kunst og idrett. Den andre delen, «Nordfjord rundt», er ei kulturhistorisk reise gjennom sju kommunar: Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal, med omtale av kulturminne, bygningar, verksemder og sentrale personar.
Nordfjordboka er illustrert med over 1300 gamle og nye foto, kart og kunstverk. Tekstane er skrivne av fagfolk. Dette er boka er for alle som ønskjer å lære Nordfjord betre å kjenne - både fastbuande og tilreisande.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788282401050
EAN 9788282401050
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 512
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket