Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dette er ein humoristisk og sår roman om fenomenet norsk asylmottak i tjukkaste fjellheimen. Med humor, vidd og eit skarpt blikk for det absurde, skildrar forfattaren både einskilde lagnader og tendensar.
Omtale fra forlaget
NOKO VIL KOMA TIL Å HENDE
-Brann?-Neppe, svarar Nils.-Nepe? spør Mias.Det ligg ei uro over heile hotellet. Ei gruppe sveltestreikar i kjellaren. Brannalarmen kimar stadig vekk, berre falsk alarm, men noko er gale likevel.Birger, femtini, hjartepasient og vaktmeisterassistent på mottaket, kjenner uroa i kroppen. Eit hotell med både lått og tårar, dette. Han vert ikkje klok på dei, dei mørkhuda. Det vert visst ikkje læraren Nils heller, eller Erik som er aktivitør og Norgesmeister i orientering. Men ho Selima treng hjelp, og vesle Hassan .Hadde det ikkje vore for den nye gondolbana, og sonen som ikkje ser at villreinen har vore eins i generasjonar.Det er noko som vil koma til å hende. Men vert det noko godt, eller noko gale?
Noko vil koma til å hende er ein humoristisk og sår roman om fenomenet norsk asylmottak i tjukkaste fjellheimen. Med humor, vidd og eit skarpt blikk for det absurde, skildrar Eigil Steinsfjord rammande godt både einskilde lagnader og tendensar. Ein roman som har noko å fortelje.
Forlag Eide forlag
Utgivelsesår 2000
Format Innbundet
ISBN13 9788251405881
EAN 9788251405881
Språk Nynorsk
Sider 174
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket