Omtale fra forlaget
Dette er eit viktig verk for den som ønskjer å nærme seg og formidle sagateksten på ein profesjonell måte: ein reiskap for lærarar i ungdoms- og vidaregåande skole, lærarutdannarar og studentar i norsk og nordisk på alle nivå. Islendingesagaene er ein del av den islandske kulturarven som òg nordmenn identifiserer seg med. Problemet med desse gamle tekstane har ofte vore at dei er vanskeleg tilgjengelege for den moderne lesaren. Ein har skulda på språket, men har ikkje freista å setje seg inn i korleis sagaforteljaren oppfatta sin eigen røyndom. Nettopp dette vil professor Heimir Pálsson bøte på. Kva er moralsk rett og kva er gale i mellomalderen? Kva tyder eigentleg orda "kjærleik" og "vennskap" i munnen på Hallgerd Hoskuldsdotter? Korleis er bileta sagatekstane skaper og kor ulike er dei i høve til dei gjengse litterære grepa? Svara finn du i framstillinga til Heimir Pálsson.
I tillegg fortel Nancy Coleman i det didaktiske etterordet kva eit moderne menneske skal ha for auga når ho skal formidle kunnskapen om den fantastiske litterære arven til tenåringane i dag. Etterordet "Sagalitteratur i klasserommet" utgjer ein stor del av boka med gode døme på korleis ein kan knyte forteljingane frå mellomalderen til mediekunnskapen hjå eleven. Her finn vi snakkeshow og rollespel, spørjekonkurransar og slektsteikningar. Begge framstillingane er rikt illustrerte med tabellar, kart og historiske oversikter.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788202196646
EAN 9788202196646
Serie LNUs skriftserie (129)
Omtalt tid Middelalderen
Språk Nynorsk
Sider 351
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket