Naturfag

5-timarskurs

studiehefte

av (forfatter), Harald Brandt (forfatter) og Tore Fonstad (forfatter).

Aschehoug 2000 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Har oppgaver til målene i læreboken, tilbakeblikksoppgaver, styrte og åpne forsøk og forslag til prosjektoppgaver. Et eget kapittel omhandler eksamen og eksempler på eksamensoppgaver.

Omtale fra forlaget

NATURFAG 5-timarskursdekkjer læreplanen i naturfag for studieretningane allmennfag, musikk, dans og drama, naturbruk og idrettsfag. Læreverket høver også godt for sjølvstudium for elevar som ikkje følgjer ordinær undervisning. Læreverket femner om lærebok, studiehefte og ein ressursperm med bakgrunnsstoff og nyttige råd og tips til læraren.
LÆREBOKAKvart kapittel byrjar med eit bilete som skal gi assosiasjonar til temaet, ein kort innleiande tekst og mål som konkretiserer den delen av læreplanen som kapittelet dekkjer. Med kvardagslege døme blir elevane leide gjennom mange naturfaglege emne. Viktig stoff er utheva i eigne boksar. Teksten er rikt illustrert med foto og teikningar. Til slutt i kvart kapittel er det eit samandrag og enkle oppgåver. Teksten har også tilvisingar til fordjupningsstoff i studieheftet.
STUDIEHEFTETStudieheftet byrjar med utfyllande kommentarar til måla i læreboka. Her er det også framlegg til oppgåver og aktivitetar som hjelper elevane til å nå måla. I tillegg finst det enkle tilbakeblikksoppgåver der elevane kan teste kva dei hugsar om temaet frå ungdomsskulen. Oppgåvene spenner frå dei heilt enkle til meir krevjande samansette oppgåver. I studieheftet finst også eit rikt utval av både styrte og opne forsøk, og framlegg til prosjektoppgåver. Til kvart kapittel finst det fordjupningsstoff med tilhøyrande oppgåver. Eit eige kapittel handlar om eksamen og døme på eksamensoppgåver.
RESSURSPERMRessurspermen har utfyllande bakgrunnsstoff og kommentarar til oppgåver og forsøk. Her er det også pedagogiske tips og framlegg til demonstrasjonsforsøk og andre aktivitetar. I tillegg er det fargetransparentar av sentrale figurar i læreboka, kopieringsoriginalar og utfyllingsoriginalar til fleire av forsøka i studieheftet. Det er eit eige kapittel om eksamen med framlegg til eksamensoppgåver og prøveoppgåver. Til kvart kapittel er det også laga eit oversyn over audiovisuelle hjelpemiddel, og tilvisingar til Internett.
.
FORFATTARANETor Brandt hadde hovudfag i kjemi, og faga botanikk, zoologi og fysikk. Han hadde brei undervisningspraksis og skreiv mange lærebøker i naturfag og kjemi. Han arbeidde på Senter for lærarutdanning og skuleteneste, Universitetet i Oslo. Tor Brandt døydde i 1991.
Harald Brandt har hovudfag i realfagsdidaktikk. Han har undervisningspraksis både frå den vidaregåande skulen og høgskulesektoren, og han har arbeidd som prosjektleiar for fleire IKT-prosjekt hos Nasjonalt læremiddelsenter.
Tore Fonstad har hovudfag i biologi, og faga kjemi og psykologi. Han har mellom anna arbeidd tre år som vitenskapleg assistent ved Universitetet i Trondheim. Han har 14 års undervisningspraksis i naturfag, biologi, kjemi og matematikk. Han har dessutan gitt ut ei felthandbok om planter og dyr i fjellet.

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 2000

Format Heftet

ISBN13 9788203324758

EAN 9788203324758

Språk Nynorsk

Sider 248

Utgave 4

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket