Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Har oppgaver, fasit, oversikt over periodesystemet og stikkordregister. Illustrert.
Omtale fra forlaget
Boka Naturfag 3Na er skriven med tanke på elevar som tek VK2 Naturforvaltning, og ho dekkjer læreplanen i dette faget. Ho tek for seg både tradisjonelle emne innan kjemi, fysiologi, etologi, evolusjon, systematikk og økologi, og nyare emne innan arvelære, bioteknologi og stoff- og energiomsetnad i cellene. Forfattaren prøver heile tida å knyte desse emna til praktisk naturforvaltning, og svært mange av døma i boka er henta frå dette fagområdet. Gode kunnskapar i naturfag gir større forståing og betre innsikt i naturforvaltning. Kvart kapittel i Naturfag 3Na tek til med eit oversyn over hovudmomenta i læringsmåla, slik at elavane undervegs kan følgje med på kor langt dei er komne med tanke på å nå måla i læreplanen. I kvart kapittel er det også oppgåver. Nokre av dei er reine repetisjonsoppgåver, medan andre kan høve som oppgåver til gruppearbeid eller prosjektarbeid. Fleire av oppgåvene krev oså at elevane søkjer etter informasjon i andre kjelder. Til læreboka er det også laga ei arbidsbok med mange framlgg til elevforsøk. Sjølv om dette først og fremst er ei lærebok for elevar på VK2 Naturforvaltning, vil ho kunne vere til glede også for andre som er opptekne av natrfag og naturforvaltning, anten dei har eit yrke som er knytt til bruk av naturen, eller dei bruker naturen på fritida.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1997
Format Heftet
ISBN13 9788276742374
EAN 9788276742374
Språk Nynorsk
Sider 395
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket