Omtale fra forlaget
Dette er ei spennande og mørk ungdomsbok om tillit, løgn og farlege val. Maja og Ilias har vore i trøbbel før, men no har dei ikkje snakka saman på lenge. Når Maja oppsøker Ilias på asylmottaket fordi ho treng hjelp, blir dei dregne inn i ei ferd som raskt utviklar seg til eit drama på liv og død. Motvillig blir Ilias med Maja mot ei hytte langt inne i skogen, høgt oppe på fjellet. Dei skal levere proviant til beredskapslageret til tanta hennar. Trur dei, i alle fall. For det er ikkje lett å vite kven som snakkar sant – eller kva dei eigentleg er ein del av.
Når mistanken veks og situasjonen strammar seg til, må Maja og Ilias finne ut kven dei kan stole på, før det er for seint.
Dette er Sunniva Relling Bergs tredje bok i serien om Maja og Ilias, ein sterk oppfølgar til Polarnatt og Soldagen. Boka er utgitt med støtte frå Stiftelsen LESE.
Bokdetaljer
Forlag
Samlaget
Utgivelsesår
2026
Format
Lydfil
ISBN13
9788234017568
EAN
9788234017568
Språk
Nynorsk