Omtale fra forlaget
Orkla utgjer sjølve livåra i eit gammalt kulturlandskap, og stadnamna omkring elva gjev oss verdifulle innblikk i dei fellesskapane som har levd og verka her gjennom tidene. Denne boka byr på ei reise i tekst og bilde nedetter Orkladalen, frå Orkelsjøen på høgfjellet til osen i Orkdalsfjorden. Undervegs stoppar vi opp og ser nærare på noko av det store namnemangfaldet.
Stadnamna er merkelappane folk har bruka for å orientere seg i landskapet. Med utgangspunkt i eit utval namn av mange slag - bygder, gardar, elvar og mindre stader - greier forfattarane ut om opphav og tyding og set namna i samband med allmennhistoria. Lesaren kan møte kjende og ukjende stader og lære meir om dialekt, kvar namna kjem frå, og korleis norsk heng saman med andre språk.
Båe forfattarane har vakse opp nokre steinkast frå Orkla og arbeider som professorar i nordisk språkvitskap på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ivar Berg (fødd i Meldalen i 1982) har arbeidd særleg med eldre språkhistorie, mens Stian Hårstad (fødd i Rennebu i 1977) har skrive mest om språkforhold i moderne tid.
Forlag Museumsforlaget
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788283051025
EAN 9788283051025
Språk Nynorsk
Sider 196
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket