Namdalens historie

Band 3

Verdsvand utkant

Etter 1837

av (forfatter).

Museumsforlaget 2023 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Namdalen er ein stor region nord i Trøndelag, sør for Helgeland. Store skogar, innsjøar og fleire fjellområde dekker mykje av distriktet, som samtidig òg har eit særeige kystlandskap. Frå gamalt batt elva Namsen saman namdalingane, der dei møttest til marknadane i Overhalla og Nærøy. Tida etter 1837 endra denne fellesskapen, med nye samband og sosiale skilje. Namdalen vart opna opp for verda, men òg pressa av sentralisering. I denne boka ser forfattar Øystein Lydik Idsø Viken på dei lange linene i nyare tid.

Dette er forteljinga om dei ulike namdalingane, om samhaldet i utkantopprøret, om striden i ressurskampen. Venstrerørsla og bonderørsla, avhaldsfolket og ungdomslaga - motkulturane har vore sterke og motsetningane tydelege. Bygderadikalisme har stått mot nasjonal konservatisme og innbiten arbeidarkamp mot hevdvunnen paternalisme. Sterk lekmannsforkynning på kysten skilde seg frå frilyndt folkekultur i innlandet. Samisk organisering starta her, i møtet med press på reindrifta og kulturell assimilering. Det namdalske samhøyret er bygd på sosial nærleik og sterkt kulturelt fellesskap, men det har òg skapt grobotn for sjåvinisme og framandfrykt.

Hav, jord og skog - økonomien i Namdalen har vore bygd på naturressursar. Sagbruksnæringa vaks kraftig i andre halvdel av 1800-talet, og primærnæringane vart sterkt moderniserte. I mellomkrigstida kom baksmellen, med mindre etterspurnad etter tømmer og sviktande fiske til dårlege prisar. Sjølvberginga i småbruk og tradisjonelt heimefiske vart då heller redninga for mange, før dei store omleggingane her kom i etterkrigsgenerasjonen. Industrialiseringa nådde aldri dei store høgdene i Namdalen - i staden endra havbruksnæringa regional næringsstruktur. Opplevingsturismen i laksefiske og jakt har samtidig vore viktig gjennom heile perioden. Ei slik hausting av naturen har skapt store endringar i landskapet: anten det gjeld utrydda rovdyr eller rovhogst, har Namdalen fått merke nytida på mange vis.

Finst det ei namd

Bokdetaljer

Forlag Museumsforlaget

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788283051162

EAN 9788283051162

Omtalt tid 1900-tallet 1800-tallet 2000-2049

Omtalt sted Nord-Trøndelag

Språk Nynorsk

Sider 583

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Blaut, knott og alt for langt til dit du skal. Namdalen er ikkje for alle. Men vi som har vakse opp der, kjenner sjarmen, der nysnøen knaker, auren vaker og molta lokkar med sitt oransje gull.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Allereie i 1855 åtvara departementet mot «den hensynsløse, uforstmessige Behandling som saagodtsom uden Undtagelse bliver vore Skove til Deel», på bakgrunn av rapportar frå amtmennene:»disses Tilvæxt [kan] ikke paa langt nær have holdt Skridt med det store Forbrug». (s. 24-25).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket