Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Nærøyfjorden, som kom med på verdsarvlista til UNESCO i 2005, blir presentert i tekst og bilete. Boka skildrar landskapet i form av fjellheimen og bygdene omkring, har med kapittel om plante- og dyreliv, om spor etter folka som budde her tidlegare, om Nerøyfjorden som reisemål, og om Nærøyfjorden i framtida.
Omtale fra forlaget
Verdsarv. World Heritage Nærøyfjorden. Bli med til Nærøyfjorden med fjellheimen og bygdene omkring - det klassiske Vestlandet med vill og vakker natur og ei rik kulturhistorie. Nærøyfjorden kom saman med Geirangerfjorden i 2005 inn på UNESCO si prestisjetunge verdsarvliste, der dei fremste natur- og kulturminne i verda er med. Her er det styggbratt, fossane kastar seg nedover fjellsidene. Ein båttur på fjorden gjev fleire hundre tusen turistar kvart år eit minne for livet. Tom Dybwad (f. 1949) har arbeidd med vern og verdsarv i Nærøyfjorden sidan 1988. Han er rådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga, men har også arbeidd som folkehøgskulelærar og nasjonalparkforvaltar. Finn Loftesnes (f. 1947) er naturfotograf og lærar ved Sogndal folkehøgskule. Han har laga lysbileteframsyningar til fleire nasjonalpark- og besøkssenter i Noreg, m.a. Fjordsenteret i Geiranger og Breheimsenteret i Jostedalen.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788291722597
EAN 9788291722597
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk Flerspråklig Engelsk
Sider 160
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket