Omtale fra forlaget
«Ho stod framleis med ryggen til. Eg forstod ikkje kvifor stemninga var snudd. Hadde lyst å ta rundt henne, men måtte venta til augeblinken var rett. Ho ville visst vera i fred; ho verka skjør og rasande på same tid, men det var ikkje nødvendigvis på grunn av meg. Det hjelpte å tenka sånn. Tanken på at eg kunne handtera henne, uansett kor urimeleg ho var, var ikkje berre til hjelp, den rørte meg på ein underleg måte.»
Are har lova seg sjølv å ta ein pause frå damer, men når ungdomsforelskinga Kine dukkar opp igjen, skjer det som må skje. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are ønsker å gjera henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra. Da Kine slår første gongen og dei blir forsonte etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.
«Nære relasjonar» viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vera og korleis grenser kan bli forskyvde, umerkeleg og på kostnad av eigen integritet.
Forlag Bonnier norsk forlag
Utgivelsesår 2023
Format E-bok
ISBN13 9788234709685
EAN 9788234709685
Språk Nynorsk
Sider 173
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket