Når ein engel går gjennom scenen og andre essay

av (forfatter).

Samlaget 2014 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

8 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Jon Fosse har gjennom åra gjeve ut to essaysamlingar, Frå telling via showing til writing og Gnostiske essay. Deretter tok han farvel med teorien og valde diktinga. Eit redigert utval frå desse to bøkene er samla her. Dette utvalet kjem også ut mellom anna på tysk og engelsk.
Fosse sine essay er ei rik kjelde for den som vil bli kjend med blant anna Fosse sitt syn på litteratur og teater. I dette utvalet er det dei meir litterære essaya som er tekne med, men du finn også meir personlege essay som til dømes Min kjære nynorsk, Gamle hus og Han som ikkje ville bli lærar.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2014

Format E-bok

ISBN13 9788252186529

EAN 9788252186529

Språk Nynorsk

Sider 127

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Den som kjem frå ein stad ved fjord og fjell på det norske Vestlandet, og som ikkje klarte å slå seg til tols med dei sanningar som på slike stader har blitt rekna for gyldige, og som difor, ofte i dei år ein var på veg ut or barndomen og inn i vaksnare liv, vende seg til litteratur og filosofi for kanskje der å finna innsikter og sanningar som stod litt meir til truande, har nok mang ein gong trøysta seg med at sjølv om det rett nok ikkje har kome så mange store tenkjarar frå traktene kring desse fjorder og desse fjell, så har det kome nokre ganske gode diktarar.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg forstår så lite. Og etter som åra går, forstår eg mindre og mindre. Det er sant. Men også det motsatte er sant, at eg etter som åra går forstår meir og meir. Ja, det er også sant at eg etter som åra går forstår veldig mykje, nesten skremmande mykje. Eg kan faktisk nesten bli matt av kor lite eg forstår og nesten bli skremd av kor mykje eg forstår. Korleis kan det ha seg at begge delar er sant, at eg samstundes forstår mindre og mindre og meir og meir?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Og dermed er det vel ikkje til å undra seg over at teatret, som menneskets kunst, har så stort spenn i seg, frå det sublime og til det keisame, det er vel knapt noka anna kunstform som kan vera så god når ho er god, og så keisam når ho er keisam.
Men lat oss gløyma all keisemda og lat oss hugsa dei store klåre stundene då teatret framstår som menneskets gripande kunstgjering av seg sjølv, tungt og klårt og innsiktsfullt, i merkeleg einskap av tanke og kjensle, kropp og sjel, av rørsle og stillstand, stundene då musisk kjensle, biletleg eigenart og språkleg driv fortettar seg til magisk lysande augneblinkar. Det er desse stundene, då ein er midt inne i noko som nesten verkar umenneskeleg, som gjer teatret møda verd, desse stundene er det teatrets kunst, menneskets kunst, paradoksalt nok (slik jo mennesket i seg sjølv er paradoksalt) har som sin inste og største og uutseielege løyndom, stunder ein kjenner seg freista til å seia rører ved det i mennesket som aldri kan døy, fordi det aldri vart født.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Uroens bok - av Bernardo Soares" av Fernando Pessoa
  • "Morgon og kveld - roman" av Jon Fosse
  • "Min kamp - roman" av Karl Ove Knausgård
  • "Ut og stjæle hester - roman" av Per Petterson
Alle bokanbefalinger for dette verket