Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Etter eit ferieopphald i Slovenia saman med sambuaren, kjem politimannen Gunnar Gundersen heim til Oslo der han vert sett til å etterforske eit drap. Det kan sjå ut som om drapet er utført i fylla, men det skal syne seg at det ikkje stemmer. Gundersen må finne ut kvifor dei skuldige ikkje får si rettvise straff.
Omtale fra forlaget
I "Drapet på Elise" vert ein ung kvinneleg lækjar, Elise Nicolaisen, funnen livlaus i husværet sitt. Politimannen Gunnar Gundersen byrjar å arbeida med saka. Kan nokså uvanlege opplysningar om fortida hennar setja han på rett spor? Var ho nymfoman? Vart drapet gjort i sjalusi? Med ymse nyttige og unyttige innspel frå sambuaren sin, ein litt arrogant og hedonistisk kulturjournalist, kjem Gunnar Gundersen fram til løysinga, men då har han fyrst vori både på Hamar og i Finland. I oppfølgjaren "Mysteriet på Ola Narr" er vi først med Gundersen og sambuaren Jardar på ferie i Maribor i Slovenia der livsstilen til ein ekstrentrisk greve set griller i hovudet på Jardar, som byrjar interessera seg for forballspelarar. Vel heime i Oslo vert Gundersen konfrontert med noko som kan sjå ut som eit "ordinært" fylledrap. Det skal syna seg at det er det slett ikkje. Og kvifor får dei skuldige ikkje si rettvise straff? Dei to forteljingane inneheld alt ein utolsam lesar krev: mord, (homo) sex, kjærleik, politikk (bl.a. Irak-krigen), fotball og ein snev kulturkunnskap.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788230003428
EAN 9788230003428
Genre Spenning
Språk Nynorsk
Sider 256
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket