Mur, far og dotter

ei bok om tørrmurring

av (forfatter), Kristian Krohg-Sørensen (illustratør) og Morten Spaberg (foto).

Skald 2022 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.50 (2 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

På Litlebergen i Vestland bur Haakon Aase, Noregs kanskje fremste tørrmurar. I Oslo sit dotter hans og kjenner på eit ansvar for å ta vare på arven etter faren. Ho vil lære seg å mure med stein.

Tørrmuring er ein av dei aller eldste byggjeteknikkane til menneska, og har lange tradisjonar i Noreg. Du ryddar marka, fjellsida eller åkeren fri for stein og nyttar han til å byggje gjerder, bakkemurar, hus, bruer, vegar. Utan mørtel, berre stein, heilt tørt. Det er både berekraftig og miljøvennleg.

I dette bokprosjektet er arkitekten Kjersti Aase Winjum læresvein, og faren er læremeister. Saman murer dei ein støttemur på garden hans, etter same grunnprinsipp og med same materiale som ein vestnorsk jarnalderbonde nytta til langhuset sitt, som inkaene mura husa sine med og som ein middelaldermurar frå det gamle Store Zimbabwe bygde bymurar med.

Den raude tråden i boka er samtalane mellom far og dotter på byggjeplassen - ei slags direktesending av handlingsbåren kunnskapsoverføring. Dette gjer eit heilt unikt innblikk i korleis handverkstradisjonar i praksis blir nedarva frå generasjon til generasjon.
I tillegg til å vise fram korleis handlingbåren og immateriell kultur i praksis blir tradert frå generasjon til generasjon, kjem boka med ei grundig framstilling av både faget, historia og framtidsutsiktene til tørrmuring i Noreg - og er samstundes eit portrett av ein av Noregs dyktigaste kulturhandverkarar.

Med foto av Morten Spaberg og illustrasjonar av Kristian Krogh-Sørensen.

Bokdetaljer

Forlag Skald

Utgivelsesår 2022

Format Innbundet

ISBN13 9788279593478

EAN 9788279593478

Omtalt sted Norge

Språk Nynorsk

Sider 191

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket