Omtale fra forlaget
Johannes Sandvik er spesielt kjend som aktiv i heimefronten under krigen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av fåresonen. Til slutt vart han sjølv teken av tyskarane.
Vegen vidare var krevjande, med stoppestader som Bergen Kretsfengsel, Ulven leir, Espeland fangeleir og konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Gjennom alt vart han boren oppe av sin sterke gudstru.
Johannes Sandvik hadde elles eit allsidig liv. I ulike periodar var han motorbåtførar, entreprenør, småbrukar, kjøpmann, postopnar og ferjeekspeditør.
Boka er ei sterk påminning om at me aldri må ta fridomen og demokratiet som sjølvsagde verdiar i samfunnet vårt!
Forlag Fitjarposten forlag
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788293705109
EAN 9788293705109
Omtalt tid Etterkrigstiden 1960-1999 1939-1945
Omtalt sted Norge
Omtalt person Anton Johannes Sandvik
Språk Nynorsk
Sider 180
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket