Omtale fra forlaget
Hans Nielsen Hauge (1771-1824) er den viktigaste lekpredikanten landet har hatt. Han virka mellom 1796 og 1804, i ei tid der det var ulovleg for lekmenn å reise rundt å halde samlingar. Mange av dei som møtte han, fekk liva sine endra, både i forhold til livssyn og verdsleg virke. Mellom desse var Anna Berge (1781- 1859) frå Voss og Bertel Ullaland (1779 -1847) frå Naustdal i Sunnfjord. I boka følgjer vi Bertel og Anna gjennom oppveksten, møtet deira med Hans Nielsen Hauge, og vidare til haugianarmiløet på Svanøy i Sunnfjord. Her fann Bertel og Anna saman, og kanskje var det Hauge som rådde dei to til å gifte seg med kvarandre. For haugianarane gjekk det åndelege og det daglege hand i hand. Ein stor del av historia omhandlar difor levekåra for fiskarbonden i Sunnfjord i første halvdel av 1800-talet. Historia om Bertel og Anna viser også korleis haugianarane utvikla seg frå ei vere ei forfølgd gruppe til å bli viktige aktørar i samfunnsutviklinga i Noreg på 1800-talet.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788282400619
EAN 9788282400619
Omtalt tid 1800-tallet
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Omtalt person Hans Nielsen Hauge Anna Berge Bertel Ullaland
Språk Nynorsk
Sider 174
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketLivshøgstidsdagar som dåp, bryllaup og gravferd var viktige samlingspunkt for folket på sytten - og attenhundretalet, og det var faste lokale skikkar for korleis desse blei organsierte. Samlingane gav ei god avveksling fra slitet i kvardagen, og slekt og venner fekk høve til å møtast. Desse høgtidsdagane følgde livet fra vogge til grav og dei ulike hendingane hadde ulike markeringer.