Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boken inneholder bibelfortellinger, sanger og tegneserier som skal lære barnet om den kristne troen.
Omtale fra forlaget
Mi Kyrkjebok 4 er ei variert og mangfaldig kyrkjebok som tek utgangspunkt i dei kvardagslege hendingane til fireåringen. Frå det kjente og nære kan barnet bli med inn i bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. Dette har blitt ei lett og glad bok som både barn og vaksne vil like. Teikneseriane om Bo og Nora spreier humor og glede. Dei skjønnlitterære stykka om barna binder boka saman og gjer songar, bilete og forteljingar meir kvardagsnære og sanselege. Boka inneheld 9 kjente forteljingar frå Bibelen. Desse er gjenfortalt for barn av Paul Leer-Salvesen. Bibelforteljingane er illustrerte med kvart sitt kunstbilete som omhandlar og utfyller forteljingane. Bilda har forskjellig uttrykk og stil og er henta frå ulike epokar. Mi Kyrkjebok 4 har heile 27 songar og salmar med noter, tekstar og besifring. Mange av songane er kjente klassikarar med lange tradisjonar, men det er også nokre nyare. Til boka finns det eit aktivitetshefte med tittelen Gjere sjølv. Både boka og heftet er også gitt ut på bokmål.
Forlag IKO-forlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788282490153
EAN 9788282490153
Språk Nynorsk
Sider 81
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket