Omtale fra forlaget
Sondre Bratland er mannen som syng religiøse folketonar så jamvel ateistar lyttar. Debutplata Pilegrimens Sangbog fekk han Spelle.mann.pris for i 1983 og etter det har han halde konsertar i både kyrkjer, .konsertsalar og skjenkestader over heile landet saman med musikarar som Iver Kleive, Knut Reiersrud, Annbjørg Lien, Paolo Vinaccia og Nils Petter Molvær.
Framferda hans er så staut at folk ser han som ein bit av norsk grunnfjell. Ikkje mange veit at det eigentleg var kjøpmann han skulle bli, som far sin.
Dette er historia om korleis Sondre Bratland blei ein av Noregs største kvedarar. Og om det som skjedde då norsk folkemusikk kom ut av den strengt vakta hola si og blanda seg med jazz og rock og fekk lyttarar overalt. Og korleis det gjekk då folke.musikarane måtte ta inn over seg at kveding ikkje berre var stev og vågale viser, men òg religiøse folketonar og bånsullar.
Musikken som blir til når mennesket opplever noko som rører dei djupt i sjela, er ikkje så ulik frå land til land. Sondre har lagt merke til slektskapet mellom folketonane han sjølv har i seg og dei han har høyrt i land som Irland og Pakistan. Han kallar det Menneskelyden.
Forlag Novus
Utgivelsesår 2024
Format Lydfil
ISBN13 9788283901269
EAN 9788283901269
Omtalt person Sondre Bratland
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket