Omtale fra forlaget
Vi er i Noreg på 1300-talet. Visste du at Bergen heitte Bjørgvin og var den største byen i Noreg på denne tida? Og at tyskarane som budde der ikkje fekk vere kjærastar med norske jenter? Korleis trur du det går med Mari og Franz som forelskar seg?
HISTORIER I SAMFUNNSFAG gir deg innblikk i korleis det var å leve i ulike periodar av verdshistoria. Ti spennande historier som strekker seg frå steinalderen til renessansen tek lesaren med på ei magisk tidsreise. Alle historiene finst på tre forskjellige lesenivå og som digitale bøker med innlesen tekst. Bøkene inneheld ei spennande historie og interessante faktasider. Det er òg mogleg å supplere med frittståande bøker for å tilpasse behovet til skulen ytterlegare.
I HISTORIER I SAMFUNNSFAG Klassesett får du ei fysisk bokpakke med 10 bøker på lett lesenivå, 10 bøker på middels lesenivå og 10 bøker på høgt lesenivå. Dette gir læraren moglegheit til å drive differensiert undervisning i klasserommet på ein måte som inkluderer og passar alle.
Kombinerer du klassesettet med HISTORIER I SAMFUNNSFAG Digital lærarressurs, får du dessutan tilgang til spennande undervisningsopplegg og materiale som gjer opplevinga og arbeidet med bøkene endå rikare.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2019
Format Pakker
ISBN13 9788211037701
EAN 9788211037701
Serie Lesedilla: Historier i samfunnsfag
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket