Omtale fra forlaget
Korleis påverkar klimaendringane kvardagen til vanlege folk? I Mellom linjene tar Gunnar Garfors lesaren med på ei makelaus reise langs ekvator og dei to polarsirklane for å finne svar. Vi får bli med på lasteskip ned Kongoelva, toget gjennom Sibir og beltebil over den antarktiske isen, og får eit sjeldan innblikk i dagleglivet til folk vi elles aldri ville ha møtt.Gjennom gripande forteljingar, personlege menneskemøte og naturskildringar får vi ein statusrapport frå ei kokande verd. Vi får vite korleis klimaet i endring påverkar livet til fiskarar, bønder, byfolk og urfolk – frå regnskogen i Amazonas til isøydet på Grønland.Med ei unik evne til å kome i kontakt med vanlege folk og skarpe observasjonar har Gunnar Garfors fått skrive ei reiseskildring som både er underhaldande, engasjerande og augeopnande.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788279593911
EAN 9788279593911
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket