Forlag Cappelen
Utgivelsesår 1978
Format Heftet
ISBN13 9788202040642
EAN 9788202040642
Språk Nynorsk
Sider 68
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketLykke er ein underleg ting.
Nokon har sagt
den er som parfyme
som ikkje kan hellast
ut over andre
utan at det fell
eit par dropar
på ein sjølv.
[...]
Fjorten år
Vennskapet bleiknar ikkje
frå nokon side.
Skogen likar meg.
Alle slags tre
er glade i meg.
Eg sat ein gong
i eit tiurtopptre,
krona var flat og vid.
Høgt til skogs
og langt frå folk.
Eg hjala ein skogsong
av mine lungers styrke
for eg var i skogen
ein maimorgon
og sat i tiurtoppfurua
det flatkruna kjempetreet
og var fjorten år.
hjale v1 (norr. hjala 'prate, samtale') rope, skråle; hue (II); hulle, sulle (I); ljome
krøtera rauta så det hjala i fjella
Som Ein Kom
Noko nytt skal koma
eg anar det
over skuggeblå fjell
eg høyrer det
som den fjerne lyd
i ein konkylie
som grågåsropet
under skyene
lenge før synet
fangar dei inn.
Eg veit kva som rører
ved netthinna
og legg fargane som under vatn
og breier angerens svarte duk
over hendene mine.
Erkjenningar samlar seg
som kråker til rådsmøte
på haustpløgde åkrar.
Fattig som ein kom
skal ein vende attende.
0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket