Omtale fra forlaget
Då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel.
Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar.
I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle minnet. Hellesnes kommenterer også relativt kjende innslag i Garborgs forfattarskap.
Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til "
"den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet"
" er høgaktuelle i dag.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788252184570
EAN 9788252184570
Omtalt person Arne Garborg Friedrich Nietzsche
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket