Med øksene dei haustar inn

dikt

av (forfatter).

Samlaget 2018 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (3 terningkast.)

14 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter linerla på tunet, den som for litt sidan hakka på pyramidar og kamelmøkk i Egypt. Med øksene dei haustar inn plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2018

Format E-bok

ISBN13 9788252195392

EAN 9788252195392

Språk Nynorsk

Sider 77

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 3 0 0 0 0

Bokomtaler

Eg er ikkje stolt av det, men fargeglad som eg er, er dette ei diktsamling eg ikkje ville valt sjølv, på grunn av den svart-kvit-grå framsida. Heldigvis anbefalte nokon boka til meg, truleg gjennom ei bokmelding i ei avis. For inni den grå innpakkinga fann eg gull. Sigmund Løvåsen skriv frå eit landbruks- og skogbruksmiljø, men her er òg kvardagslege observasjonar frå familien, naturen og bygda. Her er til dømes mange fine dikt om eika, eit treslag eg er svært glad i. Eitt av dikta er det lett å kjenne seg igjen i for ein jærbu som har vore med på steinhenting, om steinane som tilsynelatande veks opp av bakken. Anbefaler sterkt at du les Med øksene dei haustar inn.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

DET GROR STEIN I ÅKRANE VÅRE

Det gror stein i åkrane våre
Nokon har ved ein feil eller på faen strødd steinfrø over åkrane våre
Vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer
ryggen og løftar stein

Steinen bryr eg ikkje
Steinen lèt seg løfte, lèt seg kaste, lèt seg tippe i ura
Steinen konsentrerer seg om å vere hard
Steinen ber med seg nattefrosten langt inn i den solvarme dagen
Steinen ber med seg solvarmen langt inn i frostnatta

Godt sagt! (3) Varsle Svar

KYRKJEGARDEN

Dei gamle damene i menigheita
raker mellom gravstøttene
Vil kare fram sine sakna
med raske rivedrag

På kyrkjetrappa
termoskaffi og heimebaka kringle
Ei lauvrive frå Jernia duger ikkje mot døden

Godt sagt! (2) Varsle Svar

STILT

Gammal eik omslutta av tett granskog
Rusten traktor bak låven
Ingen døyr så stilt og langsamt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

MUSVÅKEN

I dag er det musvåken som held oss oppreiste
Han sirklar så høgt at vi nesten ikkje ser han i det skarpe sollyset
Han fører oss i usynlege trådar
Vi spring i store sirklar kring åkrar og eikehagar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HEI

Hei, seier barnet
Hei, blomen
Hei, linerla
Hei, dagen og sola
Hei, hesten og kua og marihøna
Hei, mamma og pappa og kjøtmeis og sofapute
Hei, rare steinen og krokete tre og fråflytta maurtuve
Hei, traktor og gakk-gakk og gjerdestaur
Hei, stortå og gulrotåker og meitemark
Hei, alt, hei absolutt alt

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

14 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Du vil kanskje også like

  • "Eim - dikt" av Margrethe Aas
  • "Skogene - dikt" av Morten Claussen
  • "Spredte døtre" av Helene Imislund
  • "Sjakkspillere - tre noveller" av Eivind Riise Hauge
  • "Krigeren på fanget - dikt" av Hege Woxen
  • "Meieriet - roman" av Mette Karlsvik
  • "Det er berre eit spørsmål om tid - kalenderdikt 2014-2018" av Eldrid Lunden
  • "Etter karnevalet - dikt" av Lars Saabye Christensen
  • "Garden under jorda" av Brynjulf Jung Tjønn
  • "Vårs" av Amalie Kasin Lerstang
  • "Levepistolen - dikt" av Hege Susanne Bergan
  • "Bror, søster - dikt for barn" av Thomas Marco Blatt
Alle bokanbefalinger for dette verket