Omtale fra forlaget
Ein kreftdiagnose, - og ei oppmoding frå kollegaer om å skriva eit dikt til eit jubileum førte forfattaren til eit gjensyn med det nynorske språket.
Dette møtet, etter over 40 år fråvær, vart så sterkt at han berre måtte fortsetja å skriva. Å skriva dikt på barndomens språk, tok han med på ei tankereise bakover i livet.
Det vart ei reise innom dei vanskelege kjenslene han personleg har slite med, og til alle dei han seinare har møtt i terapisamanheng. Så vel hos tilsette som hos klientar.
Dikt om det vonde og dikt om von, - om draumen om ein dag å finna vegen ut av det vanskelege, - ut der dei gode kjenslene ventar.
Denne reisa er hovudtema i dikta og tankane i denne boka. Kjenslene som riv og slit i oss, som vegleiar oss i ein augneblink og villeiar oss i neste.
Dikta vert allereie i dag brukt av terapeutar som utgangspunkt for samtalar og diskusjonar med eigne barn om kjensler, og er skrive slik at mest alle kan ha nytte og glede av å lesa dei.
Humor og sjølvironi går att gjennom heile boka, på same tid som mange som les seier at tårene pressar på heile tida, dei gode tårene må vita.
Velkomen ombord og god reise.
Forlag Licentia
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788283390001
EAN 9788283390001
Språk Nynorsk
Sider 158
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg tok ein neve med steinar, leita fram ein av dei minste, og tenkte: "Du hadde ikkje store sjansen å bli funnen, så liten som du er, om det då ikkje var for meg. No er timen komen. No er det du og eg. Du er blitt skatt og eg er blitt rik."
Kor hardt å vera gråstein, - kor hardt å vera menneske som ikkje blir sett.