Omtale fra forlaget
Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid
Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med andre bind. Det trengst informasjon om gruvedrifta og verknadane av denne.
Dette bindet tar for seg miljøverknadane av gruver med forskjellige driftsmetodar, gruva som arbeidsplass, lovverket for mineralutvinning og forvaltning og aktørar i forhold til mineralnæring i Noreg.
Boka er eit forsøk på å bidra til svar på desse spørsmåla:
- Kva slags metodar har gjennom tidene vore brukt for leiting, utvinning og lagring av avgangsmineral, og kva verknad har dei forskjellige metodane hatt for påverknaden på natur og miljø?
- I kva grad har mineralnæringa bidratt med arbeidsplassar og sysselsetting der det trengst, og korleis har gruva vore som arbeidsplass?
- Kva lovverk styrer mineralutvinninga? Er det miljøet eller aksjeeigarane sine interesser som står mest sentralt i lovverket? Blir lovene følgt i praksis, og kva skjer om forskjellige lover kjem i motstrid til kvarandre?
-Kven er sett til å forvalte mineralutvinning etter lovverket, på kommunalt, regionalt og sentralt nivå? Kva kvalifikasjonar og bakgrunn har dei og er det faglige eller politiske omsyn som er styrande når vilkåra blir sett? Kva er forholdet mellom mineralforvaltninga og anna offentlig forvaltninga som skal ivareta andre sektorar som kan komme i strid med mineralutvinning?
-Korleis påverkar offentlige styresmakter mineralnæringa gjennom økonomiske vilkår? Kva skattar, avgifter og tilskotsordningar bidrar til å gjøre næringa lønsam - for bedriftene og for offentlig økonomi? Og blir skattlegging og økonomiske insentiv brukt til å gjøre utvinning og produksjon mindre miljøskadelig?
- Kva forsking skjer i Noreg i forhold til mineral og mineralutvinning? Kva plass har miljøomsyn innafor forskinga?
- Kva meiner forskjellige politiske parti, næringsorganisasjonar, fagorganisasjonar, samiske organisasjonar og miljøorganisasjonar om mineralspørsmål?
Forlag Davvi girji
Utgivelsesår 2016
Format Heftet
ISBN13 9788232900312
EAN 9788232900312
Serie Gull, gråstein og grums : eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 212
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket