Maur

roman

av (forfatter).

Hovde forlag 2000 Heftet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka er ei kulturhistorisk folkelivsskildring som dekkjer dei første tjue åra av førre hundreåret, den gongen det moderne samfunnet begynte å ta form med elektrisk kraft og industrialisering, jernbaneutbygging og rallarliv, oppbrot og uro i det stilleståande bondesamfunnet, overgang frå naturalhushald til pengehushald for heile nasjonen. Hovudpersonen Sander Bergmo er ein av dei som taper på framsteget. Han får ein opptur når jernbanen kjem til bygda Lidalen og bygdebyen veks fram men han feilinvesterer i ei usikker tid, og han taper alt.

Omtale fra forlaget

Maur er ei kulturhistorisk folkelivsskildring som dekkjer dei første tjue åra av førre hundreåret, den gongen det moderne samfunnet begynte å ta form med elektrisk kraft og industrialisering, jernbaneutbygging og rallarliv, oppbrot og uro i det stilleståande bondesamfunnet, overgang frå naturalhushald til pengehushald for heile nasjonen. Mange har skildra denne brytingstida før, i spenningsfeltet mellom tradisjon og fornying, og det skal godt gjerast å skildre det betre enn Hamsun, Duun og Uppdal. Derfor blir det både feil og urettferdig å bruke desse namna som målestokk for Torbjørn Hovdes roman. Likevel er det tydeleg at han har lært av dei gamle meistrane, spesielt av Hamsun, og den hyllinga han gir det moderne gjennombrotet og det store hamskiftet, er både tvitydig og reflektert kring det som gjekk tapt gjennom det store skiftet og den nye tida som rulla over landet. Somme skodde seg på denne utviklinga som opna for dei sterke individualistane og gründarane, somme blei valsa ned utan at dei skjønte kva som hende før alt var for seint. Opptur og nedtur Hovudpersonen Sander Bergmo er ein av dei som taper på framsteget. Han får ein opptur når jernbanen kjem til bygda og bygdebyen veks fram. Han bygger seg opp ved hjelp av vennen og vagabonden Wollert Bendiksen, anleggsformann og tusenkunstnar, ein som beherskar formlane for både den gamle og den nye tida, ein kvervelvind av tiltakslyst og arbeidsiver. Problemet er at Wollert Bendiksen er ustadig som vinden, han har ei uro i blodet som driv han frå stad til stad, og etter nokre år i Lidalen, som er handlingssentrum, reiser han vidare, kjem tilbake og reiser på nytt som ein August vi kjenner frå Hamsuns landstrykartrilogi. Sander Bergmo greier seg ikkje utan Wollert, Wollert greier seg derimot godt utan Sander Bergmo. Her ligg tragedien i romanen, fint og nyansert skildra som opptur og nedtur for Sander. Han startar bakeri, han bygger stort og leiger ut, han låner pengar, han feilinvesterer i ei usikker tid, og han taper alt og ender som streikebrytar på trevarefabrikken, som gullgravar i Lidalselva, som syklande brødseljar, som nyfrelst etter vekkingsmøta på Lidalsloftet, ein møtestad i bygda, og i sluttscenen går han ut av romanen med lommene fulle av stein med kurs mot vatnet. Det er noko gripande over Sanders lagnad, sjølv om den er skildra med ein viss ironi, spesielt i forhold til Sander Bergmo som oppkomling og knotande bygdesnobb med jålete fakter og mangel på sosial sjølvtillit. Likevel bevarer han ein siste snev av sjølvrespekt: heller gå på vatnet enn å ende på fattigkassa.

Bokdetaljer

Forlag Hovde forlag

Utgivelsesår 2000

Format Heftet

ISBN13 9788292268018

EAN 9788292268018

Genre Historisk litteratur

Omtalt tid 1800-tallet

Omtalt sted Vestlandet

Språk Nynorsk

Sider 224

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket