Margrete mi

historisk roman

av (forfatter).

Kolofon 2019 E-bok

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Margrete veks opp i det hemmelege heimekonelauget i bryggjegardane i Bjørgvin i tida etter Svartedauden. Lauget var kanskje den aller første fagforeininga for kvinner. Alt i 1294 var dette lauget så sterkt at det vart forbode av kong Eirik 2. Magnusson. Men kvinnene heldt saman og dreiv lauget vidare i løynd. Kvinnene sitt fag var å stella mat og klede, gjera livet godt for alle som budde i bryggjegardane. Margrete bryt med dette, ho er merkt av pesten, trur aldri ho kan bli gi . Ho vil heller dyrka skrivekunsten som ho har lært i klosteret, enn å vera heimekone. Som næraste nabo til dei mektige hanseatane som levde i avstengde mannssamfunn, får ho oppleva at livet er utrygt for ei ung møy mellom mange
kvinnelause handelsmenn. Ho får eit vanskeleg møte med kjærleiken, kjenner seg dømd av dei strenge preikene i kyrkja som krev bot og anger. Endå om ho vil det beste, blir ikkje livet slik som ho drøymer om. Det blir heilt annleis. Bjørgvin var på den tida ein internasjonal handelsby, den største i landet, med meire menn enn kvinner. Handverkarar og handelsmenn kom frå mange land, hanseatane vart stadig sterkare. Den katolske kyrkja hadde stor påverknad på tru og daglegliv, men nye tankar kom med handelsskipa frå utlanda. Det var ei uroleg tid med eire pestbølgjer, aukande vald, prostitusjon og motsetningar mellom nordmenn og innvandrarar. Margrete mi er ein historisk roman om kjærleik og svik, om strid mellom det vonde og det gode, men også om tru og tilgjeving. Trua på at det gode kan vinna over det vonde, vert aldri borte - i ei tid som på fleire måtar liknar vår eiga urolege tid. Margrete mi er ein frittståande oppfølgjar av Margretesirkelen av same forfattar.

Bokdetaljer

Forlag Kolofon

Utgivelsesår 2019

Format E-bok

ISBN13 9788230019566

EAN 9788230019566

Serie Margretesirkelen (2)

Genre Historisk litteratur

Omtalt tid Senmiddelalderen

Språk Nynorsk

Sider 335

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket