Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Det finst teoriar om at morskjærleiken er den opphavlege forma for kjærleik, medan andre former, som den romantiske, er mutasjonar, og at morskjærleiken slår inn og endrar hjernen til alle som tar ansvaret for eit lite barn over tid. Men kva får eit menneske til å ta barna sine med seg og hoppe frå balkongen? Kva anna enn vondskapen i verda? At mørket har trengt inn i dei?

"Mare" blei utropt til kultframsyning straks etter premieren på Det Norske Teatret i 2019 og vann Ibsenprisen for beste scenetekst året etter. Stykket tar utgangspunkt i eldre versjonar av Medea-myten - her er skulda for barnemorda ikkje så klar som i den forteljinga som har dominert i ettertida - og undersøker skiftet som kan anast i myten, frå det ekstatisk feirande jordbrukssamfunnet der kvinner hadde ein sterk posisjon, til dei nye bystatane der kvinnene blei overkøyrde og logikkens lys og lamper blei tende, kanskje overtende.

Vi møter ei handfull fascinerande skikkelsar på veg ut av det klassiske teaterets fødestad, medan vi aner urteateret. Pan, den første teaterkritikaren, som menadane attrår. Hera, som i ein versjon av myten hadde lova å verne Medeas barn, men lét dei døy av vanskjøtsel. Idealmora Magda Goebbels, som tok livet av dei seks barna sine. Flaggermus frå underverda. Festivaldeltakarar og landsbybuarar frå fortidas innbilte Korint, der pottemakarar sit på kvart eit hjørne og lagar svartkeramikk medan forbipasserande spyttar på dei.

"Mare" feirar fruktbarheita og likesæla og livets sikre framhald i ei eller anna form, om ikkje den du hadde sett for deg, og hyllar høvet til å ta hemn, til å smelte saman i noko betre, til å slå tilbake med mytiske og verkelege middel koste kva det koste vil.

Boka er illustrert med fotografi frå oppsetjinga på Det Norske Teatret og original collage frå biletkunstnaren Maja Nilsen, scenograf på "Mare" og mangeårig samarbeidspartnar med Lisa Lie.

Mare er omsett til nynorsk av Gunnhild Øyehaug og Inger Johanne Sæterbakk.

Bokdetaljer

Forlag Oktober

Utgivelsesår 2022

Format Heftet

ISBN13 9788249524037

EAN 9788249524037

Omtalt person Evripides

Språk Nynorsk

Sider 95

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket