Omtale fra forlaget
Utstyrt med lite anna enn ein gammal Peugeot 70-modell nedlasta for det meste av ulike årgangar av «Veteranbilen» og ein god porsjon sjølvironi tek Hans Henrik Dal fatt på sitt nye tilvære som arbeidslaus, huslaus og einsleg etter eit havarert sambuarskap. Han legg turen heimover til Vestlandet og guterommet. Han er komen heim for å bli, men er usikker på kva han skal bli. Med NAV i ryggen skal han starta på nytt, men for ein mann utan særleg formell utdanning, og som i tillegg nærmar seg middagshøgda, skal det visa seg å ikkje vera noko enkel oppgåve. Vegen mot eit stabilt yrkes- og privatliv er krunglete, og han lyt mellom anna innom både det lokale lensmannskontoret, eit bedehus i havgapet, ein barnehage og ein homseklubb i Bergen. Men målet verkar fjernare enn nokon gong. Etter kvart som sjølvironien, som heldt han gåande i starten, gradvis blir erstatta av eit veksande mismot, må han erkjenna at skal han koma seg ut av den situasjonen han er i, har han ingen andre å stola på enn seg sjølv.
Mannen som ville bli handlar om korleis restarta livet når halvparten eller kanskje vel så det er unnagjort. Jakta på gammalt vennskap som kanskje aldri har eksistert og ikkje minst om eit nedarva pessimistisk grunnsyn som seier at kjærleiken og lukka ikkje er meint for alle.
Forlag Hammersland bok & musikk
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788269102444
EAN 9788269102444
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 254
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket