Maktfordeling og 1814

av (forfatter).

Fagbokforlaget 2012 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka gjer greie for opphavet til maktfordelingsprinsippet og viser korleis det blei eit sentralt prinsipp i statsretten og grunnlovene frå slutten av 1700-talet. Hovuddelen i boka er ein historisk og komparativ kjeldestudie der forfattaren viser kvifor, korleis og med kva verknad maktfordelingsprinsippet kom inn i den norske grunnlova i 1814. Har litteraturliste, register og eit kort samandrag på engelsk.

Omtale fra forlaget

Maktfordelingsprinsippet er eit av dei grunnleggjande prinsippa i statsretten. Det seier at den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta må haldast åtskilde og plasserast hos ulike personar og organ. Føremålet med ei slik deling av statsmakta er å hindre maktmisbruk og sikre eit styre etter lover. I boka gjer forfattaren greie for opphavet til maktfordelingsprinsippet og viser korleis det vart eit sentralt prinsipp i statsretten og i grunnlovene frå slutten av 1700-talet. Forfattaren viser òg korleis element i maktfordelingsprinsippet vart lagt til grunn i statsretten under det dansk-norske eineveldet før 1814. Hovuddelen i boka er ein omfattande historisk og komparativ kjeldestudie der forfattaren viser kvifor, korleis og med kva verknad maktfordelingsprinsippet kom inn i den norske grunnlova i 1814. Grunnlovsforfattarane på Eidsvoll bygde her på ei rekkje ulike utanlandske kjelder. I boka viser forfattaren korleis maktfordelinga i grunnlova like fullt vart ein særnorsk konstruksjon ulik andre grunnlover i samtida. Maktfordeling er djupast sett også eit spørsmål om suverenitet. Suverenitetsperspektivet er viktig for å forstå gjennomføringa av maktfordelingsprinsippet i grunnlover før og etter 1814. Eit viktig føremål med boka er å vise korleis grunnlovsforfattarane i 1814 innretta maktfordelinga i favør av Stortinget ut ifrå dåtidas ideal om folkesuverenitet, og ikkje som ei institusjonell likevekt mellom Kongen og Stortinget. Slik vart maktfordelinga i 1814 ein rettsleg kime til dei store forfatningskampane mellom Kongen og Stortinget seinare på 1800-talet. Boka rettar seg mot juristar, historikarar, samfunnsvitarar og andre med interesse for statsrett, rettshistorie og historia om 1814. Eirik Holmøyvik er ph.d. i rettsvitskap og fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2012

Format Innbundet

ISBN13 9788245012767

EAN 9788245012767

Språk Nynorsk

Sider 586

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket