Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Temaet i denne boka er det kommunale sjølvstyret og kva som verkar inn på dei lokale folkevaltes høve til sjølvstendig politikkutforming. Fokus er på rammer, aktørar og forståingsmåtar, som kvar på sin måte har avgjerande innverknad på den politikken som blir ført i norske kommunar. Boka er skriven for studentar og kommunepolitikarar og andre som er opptekne av det lokale sjølvstyret. Har litteraturliste og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Kor reelt er det kommunale folkestyret i Noreg? Temaet i denne boka er det kommunale sjølvstyret og kva som verkar inn på dei lokale folkevaltes høve til sjølvstendig politikkutforming. Fokus er på rammer, aktørar og forståingsmåtar, som kvar på sin måte har avgjerande innverknad på den politikken som blir ført i norske kommunar. Kven influerer, korleis skjer det, kvifor blir det gjort, når skjer innverknaden osv.? Kommunal vedtaksfatting blir i veksande grad gjort i eit samspel mellom folkevalte og andre lokale aktørar utan noko demokratisk styringsmandat. Dette blir i internasjonal faglitteratur omtala som at utviklinga har gått frå "government" til "governance". Boka fyller eit behov for norsk faglitteratur om temaet. Boka er skriven for studentar som studerer rolla kommunen har i styringssystemet vårt, og for kommunepolitikarar og andre som er opptekne av det lokale sjølvstyret og kva som verkar inn på det. Rolv Lyngstad er dr.philos. i statsvitskap og førsteamanuensis ved Høgskolen i Bodø. Han har lang kommunalpolitisk erfaring, og har publisert fleire artiklar og redigert bøker med fokus på kommunen som politikkutformar og tenesteytar.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2003
Format Heftet
ISBN13 9788276747928
EAN 9788276747928
Språk Nynorsk
Sider 197
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket