Omtale fra forlaget
I Noreg har vi ein sterk tradisjon for lokalhistorie, både som frivillig kulturaktivitet og vitskapleg disiplin. I denne boka gir forfattaren ei oversikt over det lokalhistoriske feltet i Noreg – med komparative sideblikk til våre naboland. Etter ein gjennomgang av infrastrukturen og produksjonen i dette kunnskapsfeltet, tek ho for seg dei viktigaste teori- og metodedebattane i lokalhistorisk forsking, og kva utfordringar disiplinen står overfor i åra som kjem.  I den nye utgåva gir forfattaren eit situasjonsbilete for tidlig 2020-tal. Ho ser vidare på utviklingstrekk som har påverka feltet dei siste 20–30 åra med digitalisering, herunder lokalhistoriewikien, kvalitetsreforma i høgare utdanning og organisatoriske endringar på kulturvernfeltet.  Aud Mikkelen Tretvik er professor i kulturminneforvaltning ved Institutt for historiske og klassiske studium ved NTNU. Tretvik har tidligare skrive ei rekkje bøker, m.a. bygdebøker for Ålen, lærebok i gotisk handskrift og Handbok i lokalhistorie. Studium og forsking. Ho var medforfattar av verket Trøndelags historie og av boka Fjellets kulturlandskap og var hovudredaktør av tidsskriftet Heimen 2015–2018.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Heftet
ISBN13 9788234014918
EAN 9788234014918
Språk Nynorsk
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket