Omtale fra forlaget
Mennesket er eit løgnaktig vesen. Løgner blir ofte brukte for å føra einkvan bak lyset, anten det går ut over enkeltindivid eller store grupper. Det mest alvorlege løgnaren gjer, er at han misbrukar den naturlege tilliten som dei fleste individ har til kvarandre.
Når løgner blir omtalte, blir dei gjerne blanda saman med sjølvbedrag og illusjonar. Men det er ei uheldig samanblanding. Det å lyga er ei medviten og intensjonell handling, i motsetnad til det sjølvbedraget er. Løgnaren fører oss bak lyset med fullt overlegg.
Denne boka er eit forsøk på å klara opp i spørsmålet om kva ei løgn er, og korleis me bør handtera løgner som sirkulerer ikring oss. I tillegg til eit innleiande teori-kapittel har boka analysar av skjønnlitteratur som tematiserer ulike sider ved den rolla løgner spelar for menneska. Dei litterære tekstane er skrivne av forfattarar frå ulike tider, frå Plautus i Romarrikets tid og frametter til Jane Austen, Marcel Proust, Fjodor Dostojevskij, Jan Kjærstad, m.fl.
Forlag Novus
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788270997671
EAN 9788270997671
Språk Nynorsk
Sider 194
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket