Litteraturens spørjekraft

tekstar i utval (1968–2012)

av (forfatter), Ingrid Nielsen (redaktør), Espen Stueland (redaktør) og Sigurd Tenningen (redaktør).

Gyldendal 2024 E-bok

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Kva er litteraturens eigenart? Med tolmodig og skjerpa analyse demonstrerte Atle Kittang gjennom eit langt liv som forskar og offentleg debattant kor rikt og mangfaldig eit diktverk kan vere. Som ein representant for autonomiestetikken viste han fram dei litterære strukturane og fleirtydigheita, som aldri kan la seg gripe av éin enkelt lesing. Han formidla og utvikla lesemåtar som mellom anna var påverka av psykoanalyse, nykritikk, dekonstruksjon, hermeneutikk og politisk-estetisk filosofi. Slik kunne han vise at forskjellige teoretiske tilnærmingar har sine styrker og manglar, og at det trengst fleire inngangar til ein litterær tekst. Den grundige lesinga er avgjerande. I 1974 blei Kittang den første professoren i allmenn litteraturvitskap i Noreg, og han leia an arbeidet med å gjere fagmiljøet i Bergen førande i norsk samanheng, eit miljø som tiltrekte seg kommande forfattarar som Jon Fosse, Gunhild Øyehaug og Karl Ove Knausgård. Han var også ein sentral stemme i den litterære offentlegheita, med ein stor produksjon av essay, artiklar, monografiar og kritikk. I denne antologien har redaktørane Ingrid Nielsen, Espen Stueland og Sigurd Tenningen samla eit utval av artiklane til Kittang for å vise fram fortolkingskrafta og teoriformidlinga til nye og gamle lesarar. Boka kan lesast med stort utbytte av studentar, professorar og andre interesserte lesarar – kort sagt alle som deler nysgjerrigheita på korfor litteraturen stadig evnar å skake oss.

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2024

Format E-bok

ISBN13 9788205600119

EAN 9788205600119

Språk Nynorsk

Sider 453

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket