Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Årboka er eit forum for kritikk, forskning og formidling av bøker for barn og unge. Boka gir oversyn over viktige arrangementer og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barnelitteraturforskning. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og nyttige adresser. Boka er ei handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar, og for alle andre som arbeider med barne- og ungdomslitteratur.
Omtale fra forlaget
Årboka Litteratur for barn og unge har i år 10-årsjubileum. Ungdomslitteraturen har lenge synt ei spennande utvikling her til lands, både i motivområde, tematikk og skrivemåtar. Denne utgåva av Årboka Litteratur for barn og unge handlar om både norsk og nordisk ungdomslitteratur. Åse Marie Ommundsen drøftar tendensar som knyter ungdomslitteraturen til ei seinmoderne livkjensle, og årbokas portrettsamtale med Sverre Henmo gir innsyn i vurderingar og val hos ein mangfaldig forfattar som ønskjer å kommunisere med unge lesarar. I ei større drøfting av faglitteraturen for ungdom ser Nina Goga nærare på systematiseringa av denne litteraturen. Nettopp mangfaldet i den gjer den vrien å plassera, og kanskje kan dette vere eit kvalitetsteikn. Denne utgåva av årboka introduserer to nye faste postar. Den eine er "Nordiske nedslag", der årboka denne gongen presenterer nye forfattarnamn og trendar i dansk og svensk barne- og ungdomslitteratur. Den andre er "Ny litteratur 2006", der lesarane får eit oversyn over viktige boktypar og enkeltbøker i året som gjekk. Årboka inneheld dessutan to artiklar om bildebøker, ein artikkel om suksess for norsk barnelitteratur i utlandet, eit intervju med avtroppande barnebokredaktør Guri Vesaas og essay av Einar Økland, Finn Øglænd og Bjørn Ingvaldsen. Årboka Litteratur for barn og unge inneheld elles statistikk og fag- og forskingsbibliografi og er ei nyttig handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar, forfattarar og alle andre som arbeider med og interesserer seg for barne- og ungdomslitteratur. Årboka Litteratur for barn og unge er eit forum for kritikk, forsking og formidling. Redaktørar: Per Olav Kaldestad har skrive fleire barne- og vaksenbøker. Han har i mange år arbeidd som norsklærar i lærarhøgskolen. Karin Beate Vold har lang erfaring med forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Ho er direktør for Norsk barnebokinstitutt (NBI).
Forlag Norsk Barnebokinstitutt Samlaget
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788252169843
EAN 9788252169843
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 200
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket