Omtale fra forlaget
LIDVIN - rett og slett Lidvin M. Osland (f. 1937) har dei siste 30 åra vore ein av dei mest markante personane i norsk kulturliv og norsk kulturpolitikk. Som fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane har han vore ein regional hærførar for norsk kulturpolitikk, med eit utal verv, prosjekt og aktivitetar. "Lidvinismen" er ein arbeidsmåte med store ambisjonar, anten det gjeld folkemusikkfestivalen i Førde, Norsk kulturråd eller no sist kulturaksen Sognefjorden - Pyramidane i Egypt - Den kinesiske mur. Denne boka viser noko av mangfaldet ved kulturentreprenøren og administratoren Lidvin M. Osland. Tidlegare medarbeidarar, leiarar, politikararar, samarbeidspartar og kommentatorar skildrar møte dei har hatt med han. Men boka viser òg veg framover, og peikar på verdien av å ha ein medviten, dynamisk og - ikkje minst - synleg lokal og regional kulturpolitikk. Boka handlar òg om Sogn og Fjordane og kampen for distrikta. Har vi verkeleg ein berekraftig visjon for distrikta i framtida? Ein visjon der kulturen og kulturpolitikken er det viktigaste verkemiddelet for å skape fylke og distrikt som sydar av liv og aktivitet, og som er magnetar på dei unge som skal forme framtida vår?
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788291722733
EAN 9788291722733
Omtalt person Lidvin M. Osland
Språk Nynorsk
Sider 152
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket