Leikande menneske

av (forfatter).

Noregs boklag 1982 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.50 (2 terningkast.)

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Noregs boklag

Utgivelsesår 1982

Format Heftet

ISBN13 9788252203752

EAN 9788252203752

Språk Nynorsk

Sider 76

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Voksterkraft

Alt som du møter
vil noko med-deg.
Ingen ting
hender på slump.
Alt skal gje næring
til dine røter.

Tunge og myrke
møter deg dagar.
Dei skal du
takke for òg.
Takke av di dei vil
røyne din styrke.

Alt det du møter
gjer noko med-deg.
Motgang og mismod
rislar med
voksterkraft
kring dine røter.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Inst inne

Det som vi inst inne
ynskjer og vil
er at nokon skal veta
at vi er til.

Over vår svivande
lengsels bru
ustanseleg går
eit deg og eit du.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gjev meg ei stund med stille

Gjev meg en dag med stille.
Der solblanke, blide
båror går mot mi kyst.
Lat det bli fred, der dei ville
stormane bryt i mitt bryst.

Gjev meg en stund med stille.
Før meg atttende
frå uvèr og ilt.
Heim til det mogne og milde.
Lat alt bli stilt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Som fuglefløyt

Når eg er burte
skal eg koma til deg
som fuglefløyt
gjennom stille skogar.

I den milde brisen
som stryk deg
lint over håret
og fløyelsmjuk legg seg
imot di kinn
som stròk av usynlege,
varme hender.

Når dagen din
dimmest og grånar
og alt tykkjest meiningslaust,
vil eg vera i solstrålen
som bryt gjenom tunge skyer.

Når du går der åleine,
skal eg koma til deg
i viddesusen frå fjellet
i båreglitret
skjelvande over sjøen.

I nordljosnetter
og når du går under
djupblåe stjernehimlar,
skal eg vera hjå deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vondt er å veta -

Vondt er å veta seg vanvørd.
Vondare u-ansa vera,
vera den ingen blir vár.

Verst er å ropa
og ikkje få svar.
Gå moldvegen gjennom livet
uten å setja
eit einaste fâr.

Spørja seg sjølv
før den store kvild:
Kva gjorde du her?
Har du nokon gong kjent
du var lukkeleg til?

-og sidan kverve
inn i den store tomleik,
i natti som gløyper deg,
stor og still.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

3 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket