Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka drøfter ulike grunnsyn i førskulepedagogikken, leik som læringsform, utviklingsgangen i konstruksjonsleiken, den fysiske tilrettelegginga, og korleis dei vaksne kan styrkja borna si læring gjennom leiken. Til slutt kjem døme på observasjonsoppgåver og utviklingsarbeid. Har litteraturliste. Illustrert.
Omtale fra forlaget
Konstruksjonsleik er den mest utbreidde leikforma i barnehagen. Men mesteparten av leiklitteraturen handlar om rolleleik. "Leik med materiale" handlar om konstruksjonsleik 1-7 år. Boka rettar seg mot studentar og barnehagepersonale for å gje dei eit grunnlag til å forstå og leggja til rette for konstruksjonsleiken i ulike aldrar. Dette kan heva kvaliteten på leiken i barnehagen. Boka kan vera eit nyttig hjelpemiddel i pedagogikk- og formingsundervisninga i førskulelærarutdanninga. Boka drøfter ulike grunnsyn i førskulepedagogikken, leik som læringsfom, utviklingsgangen i konstruksjonsleiken, den fysiske tilrettelegginga; og korleis dei vaksne kan styrkja borna si læring gjennom leiken. Til slutt kjem døme på observasjonsoppgåver og utviklingsarbeid. Boka er rikt illustrert med fargebilete. Vekselverknaden mellom konstruksjons- og rolleleik er stor. Allsidig konstruksjonsleik vil difor også stimulera til veriert rolleleik. "Leik med materiale" er tenkt som ein paralell til "Fokus på lek" (Heggstad, Knudsenm Trageton) som tek for seg den dramatiske rolleleiken. "Leik med materiale" byggjer på eit forskningsprosjekt med over 5000 observasjonar av konstruksjonsleik i barnehagen, og røysnler frå mangeårig undervisning i førskulelærarutdannigna i pedagogikk og forming. Boka er ei total omarbeiding av Trageton/Gullberg "Barns skapande leik 2-7 år" som har vore brukt i førskulelærarutdanninga i mange år.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1997
Format Heftet
ISBN13 9788276743838
EAN 9788276743838
Språk Nynorsk
Sider 176
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket