Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I denne boka møter vi den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes, frå barndomen på Karmøy via viktige læreår fram til han etablerte ein internasjonal karriere. I tillegg følgjer vi han gjennom eitt år og fleire land, saman med ei rekkje orkester, dirigentar og komponistar. Undervegs deler pianisten ei rad refleksjonar om musikken han spelar og det livet han lever, på godt og vondt. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
I denne første boka om den verdskjende pianisten får vi eit spennande og nyansert bilete av kunstnaren og privatpersonen Leif Ove Andsnes. Vi følgjer han gjennom eitt år og fleire land, saman med ei rekkje orkester, dirigentar og komponistar. Boka gir eit eineståande.innsyn.i Andsnes si barne- og ungdomstid, dei første møta hans med publikum, og lærarane som har hatt størst innverknad på kunstnaren som ung mann. Med musikkfagleg.rettleiing får vi hjelp til å forstå kvifor denne 34-åringen av The New York Times blir omtalt som "the most interesting pianist of his generation", samstundes som vi blir kjent med mennesket bak plateomslaga.
Astrid Kvalbein er musikkskribent og utøvande.musikar frå Noregs Musikkhøgskole. Ho har m.a. gjennom fleire år meldt klassisk musikk i Verdens Gang.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788252165265
EAN 9788252165265
Omtalt person Leif Ove Andsnes
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket