Omtale fra forlaget
Lappeteppe - som sjølve livet. Summen av store og små hendingar, dramatiske og kvardagslege. Lyse, fargerike, grå og nattsvarte. Ei vandring langs trafikkerte hovudferdsårer og labyrintiske stiar. Uansett vegval; ein dag sluttar vegen. Då har ein ikkje lenger noko val.
Forlag Publica
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788284161242
EAN 9788284161242
Språk Nynorsk
Sider 79
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketeg går langs havet
alltid langs havet
ord ligg som drivved
mellom fjæresteinane
eg plukkar dei opp
legg dei sirleg etter kvarandre som vogner i eit tog
for å sjå
om dei gjev ei slags meining
ta handa mi
sa han
denne vegen
er for bratt for berre ein
denne handa hans
som varleg stryk meg
over ryggen
utan stans
djupt her inne
har eg alltid visst
at det ein stad der ute
måtte finnast noko anna
ei hand
på leiting over andre ryggar
for så til sist
å finne heim
eg leitar og leitar
har visst gløymt
at eg fann deg
for lenge sidan
langt her inne
mor
var han
du ikkje visste
eg var
no
når du ikkje lenger ser
tør eg vere
han eg er