Omtale fra forlaget
«Galehuset var i grunnen eit vonbrot.
Nei. Eg burde ikkje seie Galehuset. Det var skuf-fande lite av det eg ville forbinda med galskap der. Første gongen eg var innlagt på eit slikt hus hadde eg forventa meg gjerde, piggtråd og tjukke murar omkransa av parkområde, men fekk omvising i ein litt forvaksen villa. Folka hadde vanlege klede og sa me var likemenn. Eg kjende meg litt lurt, kan eg hugsa. Avdramatisert, på ein måte».
To forpjuska menn med ulik diagnose kjem ut frå psykiatrisk klinikk same dag. Dei legg ut på ei rei-se. Snart viser det seg at dei har ulike mål og motiv med turen og dagane som kjem.
Kjell Einar Thorkildsen kjem frå Valen i Kvinnherad men bur no i Bergen.
Thorkildsen arbeider som psykiatrisk sjukepleiar og «Langt frå kort» er hans først roman.
Forlag Kapabel
Utgivelsesår 2020
Format E-bok
ISBN13 9788281632462
EAN 9788281632462
Språk Nynorsk
Sider 116
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Kjell Einar Thorkildsen har skrive ein svært lesverdig og lettlesen roman om to middelaldrande menn som har møtt kvarandre på psykiatrisk institusjon, og som reiser til Spania for å gå den mykje omtalte pilegrimsruta til Santiago de Compostela. Romanen er kort, men rommar likevel mykje. Dette er på ei og same tid ei fin reiseskildring, eit usminka portrett av to fortumla menn som er lette å kjenna igjen og ein kritikk av psykiatrien.
Det viktigaste er likevel at Thorkildsen skriv romanen med liv og overskot. Ein får lyst til å lesa vidare når ein les "Langt frå kort".
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket