Omtale fra forlaget
Om det tragiske forholdet menneska har til naturen.
Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protestera mot oss sjølve? Eller må me berre sørga i sympati med andre skapningar?
Dette er dikt om framandlekamar i jordkroppen. Om landskap med vindturbinar. Om sprenging i fjell og punktering av myrar. Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Er det protestdikt eller elegiar? Er dikta lyriske eller satiriske? Kan poesien både ta bladet frå munnen og fly av garde på ørnevenger?
Tangerås gjev ord til dei stemmelause, og tek språket attende frå dei som omskriv sanninga.
RONDELET
vinternatt i
Tindafjellet, bitande vind
i vinternatt
bitande tindevind og bin
av tindrande rubinar
i turbintårnas toppar
lysets emissærar, landterner
i vinternatt
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Heftet
ISBN13 9788234012297
EAN 9788234012297
Språk Nynorsk
Sider 137
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket