Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I denne boka synleggjer forfattarane dei lange linjene i lærarorganisasjonane si historie under ulike samfunnsvilkår, fram til dagens debatt om skole og arbeidsliv. Dei kastar nytt lys over samspelet mellom utviklinga i skolen og lærarorganisasjonane si rolle overfor staten i forming og iverksetjing av skolereformer.
Omtale fra forlaget
Lærarforbundet blei til i 1993, då Norsk Faglærarlag, Norges Handelslærarlag, Norsk Spesiallærarlag og NUFO gjekk saman. Med Lærarforbundet starta ei ny tid. Samtidig var denne organisasjonen produktet av ein prosess som tok til på slutten av 1800-talet, med forminga av ei lang rekkje ulike skoleslag av almenndannande og praktisk karakter. Nye lærargrupper kom til, knytte til handel, til yrkesfaga og til skolestellet for ulike typar spesialundervisning. Dei organiserte seg, forma kollektive interesser og utvikla læringstradisjonar som kom til å få stor tyding for skole og arbeidsliv. Forfattarane synleggjer dei lange linene i lærarorganisasjonane si historie under ulike samfunnsvilkår fram til dagens debatt om skole og arbeidsliv. Dei kastar nytt lys over samspelet mellom utviklinga i skolen og lærarorganisasjonane si rolle overfor staten i forming og iverksetjing av skolereformer. Knut Grove (f. 1964) er historikar og arbeider ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen. Svein Michelsen (f. 1958) er dr.polit., førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og forskar ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen.
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788241903816
EAN 9788241903816
Omtalt sted Norge
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 433
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket