Omtale fra forlaget
Nina Bouraoui brukar litteraturen til å utforske eksistensielle vilkår. Prosaen hennar vekslar ofte mellom bilde og refleksjon og tematiserer mellom anna begjær, sakn og identitet. I Kyssa våre er ein avskjed gir Nina Bouraoui ei rekke nære portrett av stader, kunstverk og menneske som har vore viktige i livet hennar, frå barndommen i Algerie til Paris i dag. Dei sjølvbiografiske fragmenta viser ein særprega og stilistisk bevisst forfattar. «Handa, Galleri Yvon-Lambert, Paris 2007 Den var av bronse, plassert på ein sokkel, det var stukke nåler inn i handleddet. Innskrifta var kjærleik. Det var snakk om den venstre handa. Handa til hjartet. Den som ikkje klemde den andre handa. Den som la seg over magen, panna, brystet. Handa som sjekka feberen. Handa som tørka tårene og delte ut kyssa. Det var ikkje handa som svor, men handa som lova. Det var nåler i handleddet fordi kjærleiken i eit kvart sinn aldri kan bli kvitt smerta.» Omsetjing frå fransk ved Margunn Vikingstad.
Forlag Bokvennen
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788274883246
EAN 9788274883246
Omtalt person Nina Bouraoui
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket